Skilt og vindusdekor har i alle år vore eitt av hovudprodukta våre. Vi leverer skilt i mange ulike materialer og tilpassar produktet etter behov. Mest brukte materiale er aluminium, pvc, akryl og glas, noko som er veirbestandig og tåler eit røft klima over mange år..
Vi leverer også lyskasser og frittstående lysskilt med LED-teknologi i mange ulike variantar og størrelsar.
Bil-dekor er ein sterk og virkningsfull måte å visualisere eit produkt eller firma på.
Her får ein presentert bodskapen med både bilde og tekst. Vi kan designe spesielle
bil-dekorar tilpassa både bilen si form og kva firmaet ønskjer å profilere.
Vi har produksjonsutstyr til å klare det aller meste og vi brukar folie av høg kvalitet.
Vi kan trykksaker. Våre fagutdanna folk har både sveinebrev som typograf, grafisk designer har bachelor with honour-utdanning.
Enklare ting trykker vi sjøl; plakatar, visittkort, hefte, flyers, menyar m.m.
Til større ting brukar vi ein avvåre samarbeidspartnerar.
Vi har også 3 storformat printerar som taklar det aller meste. Roland-maskina egnar seg særs godt til produkt som skal henge ute og til bil-dekor. Maskina printar opp til 160 cm breidde. Den er også godt egna til å printe små klebemerke med konturskjæring - i ein og same operasjon. Praktisk og produktivt.
Klebemerke til kampanjer, merking av verkty, etikettar av alle slag, konturskjæring.
Vi printar på ulike typer folie til ulikt bruk; kampanjefolie og folie med meir
permanent bruk. Små og store opplag.
TEKSTILTRYKK
Vi trykker logo, tekst og bilde på kvalitetskle. Også på arbeidskle.
Toppkvalitet og rask levering. God grafisk rådgjeving og design.
Profesjonelle fagfolk. Leverandør av profilkle av høg kvalitet til heile landet.
Totalleverandør på trykk. Rask levering.
Det er mange grunnar til å investere i godt messeutstyr. Roll-upar, messeveggar, flagg, gatebukkar, clips-rammer og mykje meir er ofte heilt naudsynte for at du og bodskapen din skal bli sett. Mange av produkta våre virkar vel så bra utandørs, heile året, som innandørs på messer. Her hjå oss kan du få systema du måtte trenge, og me kan designe innhaldet for deg også.
Digitalisering er eit "must" i desse tider. Enten det gjeld ordinære brev eller foto, gamle dias eller negativ, eller til og med større plakatar, kart eller plansjar på opp til AO i storleik, me kan få dei digitaliserte for framtida, eller for reproduksjon.
VI LAGAR LOGO-DESIGN TIL DI BEDRIFT
Skap eit godt førsteinntrykk med profesjonell logodesign.
Våre designerar har lang og breid erfaring innen grafisk design og har til saman
designa fleire titals av firmalogoar, profilering og anna grafisk arbeid.
Vi veit at ein profesjonell bedriftslogo gir deg en fordel overfor konkurrentane dine.
Oppsett og orden i formene er nøkkelord i alle designjobbar, men nokre gongar treng ein det vesle ekstra. Ein god illustrasjon skal formidle og skape ei stemning som er korrekt for forholda den er laga for. Me illustrerer og teiknar til ei rekke forskjellige høve, som t.d. gåver, tekstiltrykk, visualiseringar, plakatar og visuell profilering.
Bildebehandling, eller fotomanipulering som det heiter på fint, er å bruke foto og grafikk, og gjere endringar eller sette desse saman til ei ny heilheit. Med rett grunnlag, kunnskap og utstyr er det mangt som kan gjerast innan dette feltet.
Copyright © 2020 IK reklame AS
Med einerett
Me veit du sikkert er lei av å sjå desse, men dette nettstedet brukar altså informasjonskapslar. Ved å klikke på "Godkjenn" samtykkjer du til vår bruk av informasjonskapslar.