IK reklame byrja som Idar Knutsen sitt enkeltpersonsforetak for nesten 40 år sidan, og mykje har skjedd, og blitt gjort sidan den gong. I dag held me stand midt i Volda sentrum, og sjølv om teknikken har utvikla seg mykje dei siste 40 åra så har fokuset vårt forblitt det same. Vår ambisjon er å alltid stå til teneste til alle som måtte trenge oss, enten det er bedrifter, privatpersonar, russ eller studentar. Døra vår er open for dei som lurer på noko. Saman finn me alltid ei kreativ løysing som alle er fornøgde med.
Tenestene, produkta og materiala me brukar er svært varierte, og kan brukast på endå fleire måtar. Om me skal liste opp alt me kan levere blir lista lang, noko me har prøvd å gjere
mange gongar.
Innan det grafiske er det tydeleg at me kan gjere det meste innomhus, og det vesle me ikkje har utstyr til kjenner me nokon som har.
Fordelen med ei lokal bedrift som vår er at me kan levere det du treng, godt, raskt og rimeleg, og du som kunde vil alltid ha eit ord med i laget.
Dagleg leiar/typograf/settepotet
Er utdanna typograf og boktrykkar frå Grafisk Institutt i Oslo. Har meir enn 50 års erfaring frå trykkeri- og profileringsbransjen.
Skiltmakar/formgjevar/nypotet
Utdanna Grafisk Designer, med Bachelor with Honours frå The Arts Institute at Bournemouth, England.
ME STEND KLARE TIL Å HJELPE DEG MED ALLE DINE GRAFISKE UTFORDRINGAR
Copyright © 2020 IK reklame AS
Med einerett
Me veit du sikkert er lei av å sjå desse, men dette nettstedet brukar altså informasjonskapslar. Ved å klikke på "Godkjenn" samtykkjer du til vår bruk av informasjonskapslar.